Velkommen til Østfold Mållag

cropped-ostfoldmallaglogo7.jpg

Dette er heimesidene til Østfold Mållag. Alle som er interesserte i å styrke posisjonen til Østfold-dialekt, kan bli medlemmer i Østfold Mållag. Dialektane i Østfold har lenge vore sett på som lågstatus-dialektar, og det er noko av bakgrunnen for at Østfold Mållag blei oppretta i 1989. Nå kan det sjå ut til at statusen er på veg opp, men vi vil gjerne ha fleire med på laget.

Østfold Mållag arbeider også for å auke interessa for nynorsk skriftmål i Østfold. Alle som kjem frå Sverige og køyrer inn i Østfold over Svinesund, blir  møtt av skiltet som minner oss om at både nynorsk og bokmål er offisielle norske målformer. Begge er del av den norske språkrikdommen.

Bli medlem i Østfold Mållag

Har du lyst til å melde deg inn i Østfold Mållag?  Vi sette medlemsrekord i 2018 med nesten 160 betalande medlemmer. Melder du deg inn med mobilen, blir du automatisk medlem i eit Østfold-lokallag nær deg. Send ei tekstmelding med ordet NYNORSK til 2490. Kr. 200,- blir trekt frå mobilrekninga, og du er medlem ut 2019.

dialektriket500

Tidlegare leiar i Østfold Mållag, Magne Aasbrenn, saman med programleiaren og innspelingsleiaren i  den populære NRK-serien «Dialektriket».