Årboka 2022

Årboka frå Østfold Mållag kan bli ein klassikar

Boka har tittelen DET LØMMÆR BRA! OG ANDRE GODBETAR FRÅ DEN INDRE ØSTFOLDSKE ORDSKATTEKISTA. Her har Øyvind Bremer Karlsen (1945 – 2022) skrive om talemålet han møtte rundt seg i Askim og i bygdene i indre Østfold. Gjennom år har han observert og skrive ned korleis folk tala. I boka kan ein lesa om ordformer og bøyingsformer. Men denne boka er også i stor grad ei personleg bok. Øyvind møtte folk i heimemiljøet og i arbeidsmiljøet sitt. Han får godt fram korleis folk ordla seg.

Boka inneheld først og fremst ordsamlinga Øyvind har laga, men nokre få sider med informasjon om aktiviteten i lokallaga og fylkesmållaget er også med.

Boka kostar kr 200,- for medlemmer – og kr 250,- for dei som ikkje er medlemmer. Om boka må sendast i posten, kjem porto i tillegg.

Korleis skal du få tak i boka DET LØMMÆR BRA!?

Østfold Mållag har oppmoda lokallaga om å selja like mange bøker som talet på medlemmer i laget. Om du ikkje innan 15. november har fått tilbod frå nokon i lokallaget om å kjøpe boka:

Kontakt Ragnhild Lier på tlf. 465 47 145 – eller på e-post: lierragnhild@gmail.com

Hugs at Årbok for Østfold Mållag 2022: Øyvind Bremer Karlsen: DET LØMMÆR BRA! OG ANDRE GODBETAR FRÅ DEN INDRE ØSTFOLDSKE ORDSKATTKISTA er ei fin julegåve. Og dessutan støttar du Østfold Mållag og dei lokale mållaga ved å kjøpe boka.

 

 

 


 Nedanfor finn du ei oversikt over alle årbøkene Østfold Mållag har gitt ut. Nokre av dei kan framleis tingast via e-postadressa ovanfor.

austivikaframsider (002)

cof

Bokomslag Årboka 2019