Årbøkene våre

(Det blei dessverre inga årbok for 2024, men hausten 2025 skal ei ny årbok bli klar der tema blir historia til målrørsla i Østfold!)

Årboka 2023: Himmålet av Ida-Sofie Isaksen Wiig

2023-årboka til Østfold Mållag het «HIMMÅLET. Trøgstaddialekta i endring».

Boka bygger på masteroppgåva Ida Sofie Isaksen Wiig (f. 1999) har skrive for Høgskolen i Østfold. Ho fortel om kva ho ville kartleggge i oppgåva si, korleis ho gjekk fram, og kva ho fann ut. Ho skildrar intervjusituasjonane ho hadde saman med informantane sine, og gir små gløtt inn i korleis informantane ser på dialekta si.

Dette er ei bok som viser utviklingstrekk i trøgstadmålet. Samtidig fortel boka mykje om at trøgstingane er glade i, og stolte av dialekta si. Vi får innsikt i at påverknad frå bokmålet og NRK-språket gjer det vanskeleg for mange å bruke himmålet i alle samanhengar.

Boka kostar 250,- (200,- for mållagsmedlemmer).

Bestill boka ved å sende e-post til lierragnhild@gmail.com eller sms til Ragnhild på 465 47 145.

Årboka 2022: Det lømmær bra! av Øyvind Bremer Karlsen

Boka har tittelen DET LØMMÆR BRA! OG ANDRE GODBETAR FRÅ DEN INDRE ØSTFOLDSKE ORDSKATTEKISTA. Her har Øyvind Bremer Karlsen (1945 – 2022) skrive om talemålet han møtte rundt seg i Askim og i bygdene i indre Østfold. Gjennom år har han observert og skrive ned korleis folk tala. I boka kan ein lesa om ordformer og bøyingsformer. Men denne boka er også i stor grad ei personleg bok. Øyvind møtte folk i heimemiljøet og i arbeidsmiljøet sitt. Han får godt fram korleis folk ordla seg.

Boka inneheld først og fremst ordsamlinga Øyvind har laga, men nokre få sider med informasjon om aktiviteten i lokallaga og fylkesmållaget er også med.

Boka kostar kr 200,- for medlemmer – og kr 250,- for dei som ikkje er medlemmer. Om boka må sendast i posten, kjem porto i tillegg.

Korleis skal du få tak i boka DET LØMMÆR BRA!?

Østfold Mållag har oppmoda lokallaga om å selja like mange bøker som talet på medlemmer i laget. Om du ikkje innan 15. november har fått tilbod frå nokon i lokallaget om å kjøpe boka:

Kontakt Ragnhild Lier på tlf. 465 47 145 – eller på e-post: lierragnhild@gmail.com

Hugs at Årbok for Østfold Mållag 2022: Øyvind Bremer Karlsen: DET LØMMÆR BRA! OG ANDRE GODBETAR FRÅ DEN INDRE ØSTFOLDSKE ORDSKATTKISTA er ei fin julegåve. Og dessutan støttar du Østfold Mållag og dei lokale mållaga ved å kjøpe boka.

 

 


 Nedanfor finn du framsidene til alle årbøkene Østfold Mållag har gitt ut. Nokre av dei kan framleis tingast via e-postadressa ostfoldmallag@gmail.com.

austivikaframsider (002)

cof

Bokomslag Årboka 2019